Om oss

Etter lang tids førebuing kan me no presentera eit bildegalleri frå Sauda. Det heile er framleis i startgropa, men etter kvart vil det koma meir bilder frå alle delar av kommunen vår.Ideen kom etter å ha snakka med folk som bur utanbygds og utanlands som har tilknyting til Sauda. Fleire av desse har sakna ein plass der dei kan finna bilder frå den staden dei føler tilknyting til. Målet er ikkje å presentera fotografiske blinkskot, men "vanlege" bilder som gir eit greitt inntrykk av staden dei syner.

Håvar Aambø Fosstveit som er webansvarleg har lagt ned mykje arbeid i denne sida, men undervegs vil det nok også kome endringar i funksjonalitet og utforming. Me vonar mange får glede av denne presentasjonen av kommunen vår.

Bilde og tekstansvarleg: Edgar Fosstveit.